Rondaståk 2015

Vinjerock-billetten viste seg å vera umulig å få tak i i år igjen, og det var på tide å tenkja alternativt. Jon sin gode ven og forlovar, Knut Inge, visste råd og foreslo ein liten fjellfestival ved foten av Rondane som i år vart arrangert for andre gong, og som han var komen over ved ei tilfeldigheit på nettet. Med forhåpning om bra musikk, god stemning og turopplevingar i flott norsk natur, bestilte me billett, snørte sekken og la i veg etter ein rund fredag på jobb, Knut Inge, Martine og Jon.

Me kom fram på Kvamsfjellet i nitida og var kanskje litt urolig for at det var i seinaste laget, men uroa vart gjort til skamme då det viste seg å vera godt utval av framifrå teltplassar i behagelig avstand og utsikt ned til festivalområdet. Etter litt forfriskningar i camp tok me turen ned og fann ei ledig tuve med kveldssol og VIP-utsikt til scena. Det var avslappa stemning og me naut konsertane med lokalbrygga IPA – «Døl» – og biffkjøt frå grillen. Og starta planlegging av morgondagens tur, i regi av festivalarrangøren gjennom grotter og fossefall og med ingen dårligare enn «sjølvaste» Inge Solheim som turleiar. Utombygds som me var, var denne Solheim ukjent for oss, men med AFP-hungrige naturfagslærarar og ekskursjonane frå gymmen friskt i minnet i venstre hjernehalvdel, og ein aldri så liten bakrus i den høgre måtte me ta oss sjølv i kragen for å møta opp påfølgjande morgon.

Inge Solheim viste seg å vera langt meir ungdommelig og eventyrersk enn forventa – under leiing av arrangøren for 71° Nord og minst 18 polekspedisjonar var me ein langt meir optimistisk gjeng som la av garde enn me hadde vore utanfor teltet berre ein halv time tidligare.

Laurdag morgon la me i veg over klopper og stiar
Laurdag morgon la me i veg over klopper og stiar
Stemning i Rondane
Stemning på Kvamsfjellet

Den fyrste etappen gjekk, overraskande nok på sykkel, over grusveg, klopper og stiar, heilt opp til Ula-fallene. Der var det på tide med ein aldri så lite Kodak- augneblink på kanten av fossen…

Knut Inge på kanten
Knut Inge på kanten
Friske festivaldeltakarar på tur
Friske festivaldeltakarar på tur

… før me satte frå oss syklane og fortsatte til fots langs gulmerka Sol-heim ruter (eit artig puss der, Inge!) opp til eit av turleiarens mange og evige minne om ungdomstida i Rondane. Bekmyrk og ca. 200 meter lang, er grotta spektakulær nok til at sjølv Jon fekk utfordra spennings-trang-en!

Grottevandring
Grottevandring

Ferda gjekk så vidare over mose og lyng til neste attraksjon, den spektakulære Vesleula-fossen. Med eit totalt fall på rundt 150 meter og ein endeleg terskel på rundt 90 er fossen eit himmelsk inferno av væte og vind, og kjem ein nær nok har ein konstant ein trillrund regnboge frå venstre foten til den høgre uansett himmelretning, med mindre sjatteringar rundt om kring. Og ein betre dag å oppleva dette på er vanskelig å finna, med ekstrem snøsmelting i Rondane som ga god vassføring og vær fint nok til at klissblaute turfolk tørka opp i løpet av få kilometer på vegen heimover.

Vesleula-fossen
Vesleula-fossen

Etter meir enn 3 mil på hjul og til fots, og påfølgjande festivaldusj og motivasjonsforedrag med turleiaren, vart det ein kort men komfortabel tur inn på kveldens konsertar med sovepose til pledd i grasflekken ved scena, før me trekte oss tilbake til camp og naut solnedgangen over Rondane.

Solnedgang over Rondane
Solnedgang over Rondane
Aftenstemning
Det vordande brudeparet