Me gifter oss i Tuddal 4-6 september 2015!
Vigsla vert helden i Tuddal kyrkje 5. september.
Alle inviterte gjester har reservert plass på Tuddal Høgfjellshotell eller omkringliggjande hytter, fredag til sundag. Eigendelen er på 1650 kr p.p. for to overnattingar, to frukost, ein brunch og eitt kveldsmåltid, som betalast ved utsjekk. Venlegast gje beskjed om du ikkje vil nytta deg av dette.
Etter vigsla byr me på ein betre middag og påfølgjande fest i Gildehallen. Me ber om at alle taletrengte melder inn til kjømeister Torgeir Kind på mobil 466 75 466 i god tid før brudlaupet.
Antrekk: Mørk dress eller bunad.
Meir informasjon finst ved å klikka knappen oppe til høgre. Den ser slik ut:
Detaljert program for dagen, føreslått reiserute, blogginnlegg om opplevingar etc. vert lagt ut i tida fram mot brudlaupet, så følg med!
Svar utbes innan 1. juli per SMS til Martine eller Jon.