25. september fylte Johannes 70 år. Næraste familie ynskte å markera dette, og samtidig retta ei takk til bygdafolk, slekt og vener som har betydd, og framleis betyr mykje for jubilanten. Dermed vart det feiring med brask og bram på Myrkdalen Hotel, og me samla inn over 20 000 kr til Parkinsonforbundet!
Både festkomiteen og jubilanten sjølv ynskjer med dette å retta ei stor takk til alle som har bidratt – det vera seg med gåver, kaker, praktisk støtte, tanke eller bøn.
Foto: Darjan Kovačić