Dronningstien

Onsdag kveld slutta Tonje, Martine si venninne frå Skien, seg til gjengen og vart teken vel i mot med ein av spesialitet frå Trine’s matblogg; Thaibiffsalat.

Over måltidet la me planar for neste ekspedisjon, og valget falt på panoramaturen frå Røthe ved Kinsarvik og over til Lofthus som me har så god utsikt til frå stova her i Grimo. Over frukosten neste morgon gjekk diskusjonen gjekk høgt om det var den tradisjonelle vertenesta på yr.no eller om det faktisk var Jon sin widget på smarttelefonen frå internasjonale accuweather.com som hadde den beste algoritmen for uforutsigbart vestlandsver – klesmessig vart det heilgardering med lettskya fint ver i den eine kanalen og torever i den andre. Me hadde ikkje så god utsikt over til dei bratte fjellskrentane opp mot Hardangervidda nettopp denne morgonen. Men med kongelig forsikring om ein gjennomførbar tur sette i veg mot ferja Utne-Kinsarvik.

Heilgardering viste seg nok å bli det tryggaste – skodda låg tett nesten heile turen og enkelte regnbyger innimellom, men me fekk likevel nokre glimt av fruktbygdene langs Sørfjorden.

Sjølv om skodda låg tett, la me i veg i håp om at den skulle letta i løpet av turen
Sjølv om skodda låg tett, la me i veg i håp om at den skulle letta i løpet av turen
Vel oppe på den fyrste høgda forsto me at utsiktene var dårleg for det...
Vel oppe på den fyrste høgda forsto me at utsiktene var dårleg for det…
På veg langs fjellryggen fekk me nokre glimt av Sørfjorden og Grimo i det fjerne.
På veg langs fjellryggen fekk me nokre glimt av Sørfjorden og Grimo i det fjerne.
Men plutselig kom skodda sigande igjen
Men plutselig kom skodda sigande igjen
Litt snøfonner var det på denne turen og, men heldigvis greitt føre å gå på
Litt snøfonner var det på denne turen og, men heldigvis greitt føre å gå på
Martine, Jon, Tonje og Knut Inge på tur og aldri sur!
Martine, Jon, Tonje og Knut Inge på tur og aldri sur!
Knut Inge og Tonje på ramme alvor!
Knut Inge og Tonje på ramme alvor!
Paradoksalt nok fekk me den beste utsikta på veg ned til Lofthus
Paradoksalt nok fekk me den beste utsikta på veg ned til Lofthus
Sørfjorden er litt av eit syn, når ein fyrst ser den!
Sørfjorden er litt av eit syn, når ein fyrst ser den!
Panorama (klikk for større versjon!)
Panorama (klikk for større versjon!)